Bergensprogrammet

Helste ny sykkelveg velkommen

Twitter FB Publisert torsdag 8. mai 2014. Sist oppdatert fredag 27. mars 2015

Torsdag 8. mai opna den nye sykkelvegen i Lars Hilles gate i Bergen sentrum. Med eigne trafikklys, fotkvilar og fornøgde syklistar.

– Nå gir vi syklistane same standard som vi har gitt bilistane, sa byråd Filip Rygg i Bergen kommune under opninga.

Fleire bilder frå opninga.

Eit viktig bidrag
Den 450 meter lange sykkelvegen er et prosjekt i Bergensprogrammet og eit viktig bidrag i arbeidet med å få sykkelandelen i Bergen opp.

– For å få til det, må vi jobbe både med infrastrukturen og med sykkelkulturen, slik at vi får med eit mangfold av syklister, sa Rygg.

Rygg opna den nye vegen saman med regionvegsjef Helge Eidnes og fylkesvaraordfører Mona Hellesnes, og dei var også blant dei første som tok den i bruk.

Foto: Marius Solberg Anfinsen / Bergen kommune

Foto: Marius Solberg Anfinsen / Bergen kommune

Eigne trafikklys
Den nye traseen er ei vidareføring av hovudsykkelruta frå sør inn mot Bergen sentrum.

På strekninga:

  • er det komt eigne signallys for syklistane
  • ny vegbelysing i gata
  • universielt utforma fotgjengeroverganger
  • er delvis lagt nytt brusteinsdekke i vegbana
  • er fortau rusta opp.

Utfordringar undervegs
Regionvegsjef Helge Eidsnes la også vekt på utfordringane knytt til det å bygge ein ny sykkelveg i ei så smal og trafikkert gate i Bergen sentrum i si tale. Det kan byggeleiar Arne Nilssen i Statens vegvesen bekrefte.

– Det har vore svært trangt og til tider vanskelege arbeidsforhold, med stor trafikk av køyrande, syklistar og fotgjengarar gjennom anleggsområdet. I tillegg har det blitt nødvendig å ruste opp gamle kummar og ledningar. Og vi har jobba kloss opp mot andre tilstøytande prosjekt, seier Nilssen.

Syklistane får fotkvilar
Ved Grieghallen har syklistene også fått Bergens første fotkvilar å støtte seg til mens dei venter på grønt lys for å kunne krysse gata.

– Den er der for å auke komforten til syklistane. Du plasserer foten i stativet og slett å gå av sykkelen medan du ventar på grønt lys.

Fotkvilaren er den første av sitt slag i Bergen og ein av dei første i landet.

– Så langt eg veit, er det berre Alta som har dette frå før i Noreg. I andre land i Europa er dette derimot meir vanleg.

Fotkvilar for syklistar i Lars Hilles gate i Bergen sentrum.

Fotkvilar for syklistar i Lars Hilles gate i Bergen sentrum. Foto: Marius Solberg Anfinsen / Bergen kommune

 

Kategori: Gang og sykkelveg